Informasjonsgrafikk 1
Publisert fredag 18. januar 2008The Visual Display of Quantitative Information av Edward Tufte vekte stor merksemd då den vart utgjeve i 1983 – både av positiv og negativ karakter. Forfattaren Edward Tufte har skrive, utforma og sjølvpublisert følgjande tre bøker om informasjonsgrafikk: The Visual Display of Quantitative Information (1983), Envisioning Information (1990), Visual Explanations (1997). Me skal i dette essayet sjå nærare på den første boka han ga ut: The Visual Display of Quantitative Information.
Oppgavetekst:
Edward Tufte er professor ved Yale University der han underviser i statistikk, informasjonsdesign og politisk økonomi. Han har gitt ut følgjande tre bøker om informasjonsgrafikk: The Visual Display of Quantitative Information (1983), Envisioning Information (1990), Visual Explanations (1997). Skriv eit forteljande resyme av The Visual Display of Quantitative Information og presenter så ein syntese av bodskapet til Tufte. Gi for øvrig uttrykk for di eiga vurdering av boka og kva inntrykk den har gjort på deg. Vær oppmerksom på at bøkene til Tufte ikkje har hatt ei udelt positiv mottaking. Prøv anslagsvis å formidle kva denne kritikken dreier seg om.
Karakter: B
Skrive av Oda Hveem, 18. juni 2006
Introduksjon
The Visual Display of Quantitative Information av Edward Tufte vekte stor merksemd då den vart utgjeve i 1983 – både av positiv og negativ karakter. Forfattaren Edward Tufte har skrive, utforma og sjølvpublisert følgjande tre bøker om informasjonsgrafikk: The Visual Display of Quantitative Information (1983), Envisioning Information (1990), Visual Explanations (1997). Me skal i dette essayet sjå nærare på den første boka han ga ut: The Visual Display of Quantitative Information.
Resymé
Denne internasjonale bestselgjaren er ein klassikar innan informasjonsdesign og vender seg til eit breitt publikum av både kreatørar og brukarar. Forfattar Edward Tufte, fødd i Kansas City i 1942, er professor ved Yale University der han underviser i statistikk, informasjonsdesign og politisk økonomi. Han er sakkyndig i presentasjon av informativ grafikk som tabellar og grafar. Hans arbeid høyrer til under fagområda informasjonsdesign og visuell lese og skrive dugleik som omhandlar visuell kommunikasjon av informasjon.
The Visual Display of Quantitative Information er ei bok om informasjonsgrafikk, den behandlar tema som design, statistikk og psykologi. Tufte syner oss korleis informasjon kommuniserer gjennom den simultane presentasjon av tall, ord og grafikk. Han diskuterer bruken av grafikk frå i dag og heilt tilbake til då den skotske økonomen William Palyfair (1750-1800) introduserte temaet informasjonsgrafikk.
Det var ikkje før 1750-1800-talet at statistiske grafar, lengd og flateinnhald for å vise kvantitet, tidslinjer og fleirvariabel-informasjon vart oppfunne. Sjølv om eit av basisgrunnlaget for informasjonsdesign, matematikk, var kome svært langt, skulle det gå lang tid før prinsippa for informasjonsgrafikk vart grunnlagt – det kan ha ei samanheng med kravet om dei fleirfaldige dugleikane. Ein av dei første som klarte å kombinere desse ulike fagfelta og skape ein ny sjanger var William Playfair. Han er rekna som innovatøren for informasjonsgrafikk og la ned mykje arbeid i erstatning av konvensjonelle tabellar av mengd, med systematiske visuelle presentasjonar. Dei første kjende tidslinjene, omhandla økonomiske data og vart publiserte i 1786. Boka heitte The Commercial and Political Atlas og forfattaren var William Playfair (nyutgitt i 2005).
I denne boka skildrar Tufte ulike typar diagram for dataframsyning, som datakart, tidsseriar, diagram over rom og tid, forholdsdiagram og prinsipp for grafisk «fortreffelighet». Boka er rikt illustrert med døme som viser både gode og dårlege diagram.
Eit klassisk eksempel på ei superb, grafisk framstilling, er Joseph Minard sitt diagram som syner lagnaden til hæren til Napoleon. Dette vart teikna i 1869 og syner hæren si ferd frå den polsk/russike grensa til Moskva og attende. Den tjukke brunfarga straumlinjeforma linja syner storleiken på hæren. Stien til returferda frå Moskva er illustrert som den mørke, lågaste linja. Den er linka til temperatur og dato i botnen av kartet. Som grafen syner, starta Napoleon med 422 000 soldatar og returnerte med 10 000 soldatar.
Fleire variablar er skissert opp: dato, storleiken på hæren, temperatur og retninga på ferda. Med eit raskt overblikk blir dette intuitivt oppfatta av lesaren. Ser ein nærare vil ein bli overraska over detaljane. I alt konkluderer Tufte med at dette kanskje er den beste statistiske diagrammet som nokon gong er teikna.
Teoriar om informasjonsgrafikk
I den andre delen av boka presenterer Tufte praktisk teori om grafisk data, noko han kallar «Theory of Data Graphics». «Data-ink» (datablekk) er grunnleggjande for denne teorien og går ut på:
- the ink that present data-information
- the ink changings as the data change
- the non-erasable core of a graphic
- the non-redundant ink arranged in response to variation in numbers represented.
Blekk som ikkje representerar data kallar han for «non-data-ink» (ikkje-datablekk) eller «junk-ink». Tufte hevdar vidare at kvar blekkdråpe som er brukt i eit diagram krevjer ein grunn, og nesten alltid bør denne grunnen vera att blekket presenterer ny informasjon. Blekk som er unødvendig er ikkje av interesse hos lesaren, og kan til og med forstyrre bodskapet. «Redundant data-ink» (overflødig datablekk) er hans beteikning på blekk som repiterar samme data om og om igjen.
God grafikk maksimaliserar altså det han kallar statistikk-blekk: så langt som mogleg bør alt blekket som er brukt for å trykke den grafiske framstillinga formidle informasjonen om data-ane. Rutenett, målskala, innramming og liknande bør være heldt til minimum og aldri overgå dataene dei fremjar. Tufte meinar vidare at ein god grafikk bør vere klar, men samtidig innehalda mange detaljar som konstant fører merksemda tilbake til informasjonen. Det motsatte av dette kallar Tufte for «chartjunk», som refererer til ubrukelege, ikkje-informative element som forstyrrar for bodskapet.
Tufte hevdar at informasjonsgrafikk skal dra merksemda til brukaren mot meininga og substansen i data-ane, og han resonnerar rundt kva som fører til grafisk forvrengning av data. Han formulerar blant anna to følgjande prinsipp, her gjengitt med eigne ord:
1. Representation of numbers, as physically measured on the surface of the graphic itself, should be directly proportional to the numerical quantities represented.
2. Clear, detailed, and thorough labelling should be used to defeat graphical distortion and ambiguity. Write out explanations of the data on the graphic itself. Label important events in the data.
Edward Tufte formulerar eit flertall av prinsipp og praktiske teoriar for korleis sanninga i skal bli ivaretatt i denne re-presentasjonen av fakta. Mange av desse kan virke sjølvsagte i dag, men då boka vart publisert i 1983 var – nokre av teorioane - nytenking.
Til slutt poengterer Tufte viktigheten av kritisk analysering og evaluering. Korrigering og testing er kritiske så vel som kreative prosessar, som er heilt essensielt i diagramframstilling. Utan det, kan diagrammet ende opp som det Tufte klassifiserar som «chartjunk». Hans teori kan dermed oppsummerast i følgjande prinsipp:
Above all else show the data.
Maximize the data-ink ratio, within reason.
Erase non-data-ink, within reason.
Erase redundant data-ink, within reason.
Revise and edit
Vurdering
The Visual Display of Quantitative Information er ein tidlaus klassikar i korleis kompleks informasjon bør presenterast visuelt. Bokdesignet er i seg sjølv eit eksemplar av prinsippa som vert postulert: distinkt framstilling med elegant typografi og sideoppsett, integrasjon av oversiktleg tekst og handplukka grafiske døme, ikkje minst historiske eksempler. Gjennom desse studia, bevisstgjer Tufte for lesaren retninga til korleis menneske les visuell informasjon, og kor dårleg fleirtallet av vår visuelle informasjon er utforminga er i akting av det.
Boka har ikkje fått udelt positiv omtale. Kritikkane går blant anna ut på at boka er repeterande, ettersom fleire av døma gjentek seg, og dei same poenga vert ramsa opp til fleire gonger. Ein annan kritikk til boka er at den nyttar eit enkelt språk. Dette kan ha sin samanheng at Tufte vil nå ut til eit breitt publikum.
Det er ein utstrekt bruk av illustrasjonar i boka, Tufte meinar ein god graf er ein graf som kan bli skrive ut med minst mogleg blekk på ein minst mogleg plass. Når han då smell til med illustrasjonar som dekkjer heile sida, er det klart det på sin plass med ein reaksjon. Ulike grafar krever ulik luft rundt seg, er mi innvending til kritikken.
Den siste kritikken eg vil trekkje fram i dette essayet går ut på at Tufte er nokså bastant i sine ytringar, dette provoserar naturlegvis enkelte kritikarar.
Til slutt
Eit av framstega som har gjort informasjonsalderen mogleg, har vært utviklinga av enkle dataprogram til å raskt lage grafiske framstillingar. Trena teiknarar kunne bruke fleire dagar på å same jobben som nå vert gjort på eit par minuttar. Uheldigvis, programvaren og automatikken av denne ein gang hardt-trena eigenskapen har resultert i rask spreiing av usann statistikk. Dette er ganske innlysande illustrert i boka, konklusjonen min er at me har mykje å læra av dei eldre diagramma som er teikna for hand.
Behovet for kunnskap om informasjonsdesign og instruksjonsdesign aukar stadig, ein kan snakke om kommunikasjonsgenerasjonen, der me dagleg oppheld oss i eit hav om beskjedar, plakatar, informasjon, interaktivitet osv. Informasjonsdesign byggjer på forutsigbarheit, tilgjengelegheit, integrering og gjenkjenning, logikk og veiledning. Edward Tufte skildrar informasjonsdesign som noko universelt, der kommunikasjonen av symbol og strekar skal kryss-ar språk- og kultur-grenser. For å kunne klare å skape eit universelt språk, er kunnskapen om korleis menneske tenkjer og reagerer essensielt. Desse eigenskapane burde vært meir vektlagt hos kreatørane av informasjonsdesign og informasjonsgrafikk.
Boka The Visual Display of Quantitative Information opplevdes kanskje som ei bøtte med kaldt vatn over hovudet på det etablerte innan informasjonsgrafikk når den vart gitt ut – men den var så absolutt på sin plass. Hyppigheten av publikasjonar med dårleg grafikk stadfestar nettopp det.
Kjelder
Eward R. Tufte (1983) 2001. The Visual Display of Quantitative Information.
2. utgåve. Cheshire, Connecticut: Graphics Press
http://www.amazon.com/gp/produ...
103-2947889-4787056?v=glance&n=283155
http://www.christiania.edu/kur...