The Evalution of Useful Things av Henry Petroski
Publisert torsdag 24. januar 2008Skriv et fortellende resymé av boka The Evalution of Useful Things av Henry Petroski
Oppgavetekst
Skriv et fortellende resymé av boka The Evalution of Useful Things av Henry Petroski
Karakter: A-
(Vintage Books, New York 1992, 288 sider)
Skrive av Oda Hveem, 24. mars 2007
Om forfatteren og boka
Henry Petroski, føydd 1942, er ein amerikansk sivilingeniør og professor ved Duke University. Hans spesialfelt er feiltrinnsanalyser, designteoriar og ingeniørarbeidsaffærer. Han er ein fast spaltist i magasinet «American Scientist» og er ein profilert forfattar innan fagfeltet industriell design. Petroski har skrive om alt frå utviklinga av gaffelen, blyanten, ølboksen og faksmaskina, til feiltrinnet av Tacoma Narrows Bridge. Hans første bok bar tittelen «To Engineer is Human: The Role of Failure in Successful Design» og vart utgjeve i 1985. Moralen i denne boka er; bak kvar storarta ingeniørsuksess er det spor av ofte ignorerte, men likevel svært betydningsfulle feiltrinn. Desse feiltrinna kan få fatale konsekvensar, som kollapsen av gangvegen i Kansas City Hyatt Regency Hotell, og den mislykka Tacoma Narrows Bridge. Tankerekkjene kring kvifor løysningar feilar førar Petroski vidare i boka, som eg skal sjå nærare på i dette essayet; «The Evolution of Useful Things: How Everyday Artifacts-From Forks and Pins to Paper Clips and Zippers-Came to be as They are». Denne boka vart utgjeve i 1992 og er av meir opplysande og underhaldande av karakter, nærast ein darwinstisk innfallsvinkel på forklaringa av den teknologiske utviklinga.
Boka er strukturert i fjorten delar, der forfattaren vekslar mellom kapittel som tek for seg utviklingshistoria, meir eller mindre kronologisk, til våre kvardagslege gjenstandar som gaffel, binders, post-it-lapp og glidelås, og kapittel som drøftar meir generelle tankar og teoriar om korleis desse gjenstandane fekk si form. I tillegg til å ta oss med på denne reisa i utviklingshistoria, pakka inn i ein sosial og kulturell kontekst, argumenterar han for fleire innovative utsegn som «form follows failure», der han vrir om på designdiktumet «form follows function».
Form follows function
I følge Hauffe (1996, s. 58) var det var Louis Sullivan, ein av fedrene til modernistisk arkitektur, som innførte dette begrepet i 1895. Dette utsagnet fungerte nærmast som eit slagord for funksjonalistane i modernismen, og var til inspirasjon heilt opp til 70-åra. «Form follows function» går kort sagt ut på at forma skal vera eit resultat av funksjonen, dermed skal det overflødige vera renska bort. Pestroski riv i stykke denne læresetninga, og argumenterar for at frå samme basisbehov, kan to ulike, og like fullt brukbare, løysingar oppstå. Dette er fortreffeleg illustrert med eksemplet om Vesten som endte opp med kniv og gaffel og Østen som utvikla sine spisepinnar. Begge produkta er løysingar på korleis me skal overføre maten frå ei varm plate utan å bruke fingrane direkte. Det er to løysingar som på trass av samme behov har ført til to ulike løysningar, ergo; forma er ikkje berre eit reultat av funksjonen. Sitert med Pestroski sine eigne ord:
«the form of one thing follows the failure of another thing to function as we would like.» (s.20)
Han hevdar at ein gjenstand ikkje alltid opptrer slik me forventar at den skal opptre, dermed vert gjenstanden redesigna, slik at løysinga dekker behovet vårt på ein meir tilfredstillande måte. På bakgrunn av redesigningsprosessen vil det alltid bli innovert nye produkt, utan at forma nødvendigvis er eit resultat av funksjonen.
Form follows failure
Petroski byter altså det siste ordet «function» med «failure», og ei ny betydning dukkar opp. Om eit produkt har ein svikt i eit ledd, vil mennesket så lenge det lever forsøke å optimalisere og reparere på dette, argumenterar han vidare. Dermed har «svikten» teke på seg rolla som pådrivar, der målet er, og blir, å forbetre produktet. Petroski bruker boksopnaren som eit eksempel på dette. Den har utvikla seg gjennom historia på bakgrunn av misnøye av tidlegare løysningar. Det tok svært lang tid frå den første prototypen kom, til ein fekk eit produkt som liknar dagens boksopnar. Men som forfattaren påpeikar, det er heller ingen av dagens boksopnarar som fungerer optimalt.
«Now, of course, there is a great variety of can openers, including electrically operated ones, but each of them has its own shortcommings, drawbacks, inconveniences, or little annoyances.» (s. 189).
Andre oppfinningar som bindersen og glidelåsen har lidd same skjebne som boksopnaren, og først gjennom fleire patentomgangar med feiling, har gjenstanden funne fram til dagens form. Petroski understrekar at det ikkje nødvendigvis er fordi me er avhengige av feilfrie produkt at denne forbetringa er etterstreba.
«Luxury, rather then necessity, is the mother of invention.» (s. 22)
Ingenting er perfekt....
Alle formgjevne gjenstandar, hevdar Petroski, har rom for forbetringar. Ingenting er perfekt. Til og med løysingar som har vorte perfeksjonerte gjennom århundre, som bord og stoler, kan verta forbetra ytterligare. Det er nettopp dette som er det felles kjenneteiknet til alle gjenstander som er laga, og
«it is exactly this feature that drives the evolution of things, for the coincidence of a perceived problem with an imagined solution enables a design change.»
Me er alle ulike som personar, og har ulike behov som vert dekka på forskjellige måtar, dermed kan ei løysing vera perfekt for ein person, og ubrukeleg for andre igjen. Petroski nyttar her venstrehendte som eksempel. Dei har naturlegvis ein annan tilnærmingsmåte enn høgrehendte, og har måtta innfinne seg i å leve i ein høgrehendttilpassa verd.
Sidan ingenting er perfekt – i det heile tatt vår idé om det perfekte, kan ikkje fikserast – er alle gjenstandane underlagt eit utviklingspotensiale på grunn av vår streben etter det manglande og uoppnåelege «perfekte».
Det er ikkje dermed sagt at enkelte designløysingar ikkje er betre enn andre. Nokre løysningar (som utsjånaden til sjakkbrikkene, eller gaffelens fire tenner) har blitt fiksert over tid, fordi dei simpelthen er meir perfekte enn noko anna som er vorte funne opp – så langt. Nye løysningar (eller «inventions» som er ordlyden Petroski nyttar) oppstår ut av det allereie overfylte markedet, berre viss dei dekker behovet betre, enn det som allereie er tilgjengelig. Petroski avsluttar boka med å hevde at det enorme antallet av gjenstander me har i dag, kjem til å auke i framtida. Så lenge det er nokon som ikkje er hundre prosent fornøgde vil ei forbetring heile tida vera tilstades, og nye artefaktar vil dermed oppstå.
....og perfekt er heller ikkje boka
Dette er ei bok om utviklinga til artefaktene, og kva prosessar som driv denne evigvarande utviklinga. Forfattaren går svært så detaljert til verks, på godt og vondt, før han kjem med poenga. Petroski siterar flittig andre forfattarar, og han demonstrerar dermed at skriving óg er ein fleirleddsprosess som inneheld «failure». Akkurat som design eigentleg kan kallast redesign, kan skriving kallast re-skriving.
For min del synest eg det med fordel kunne vore kutta ned på mangfaldet av historiske fakta, som alle detaljane i gaffelhistoria, og alle detaljane kring dei mange industridesignarane. Mogleg sluttpoenga ikkje vil opptre like slagkraftige på denne måten, men det vil gjera boka meir lettlest, og kanskje vil ho på den måten henvende seg til eit breiare publikum. Slik boka framstår på meg, er den meir nyttig for ein designhistorikar enn ein designar.
Misforstå meg rett; boka inneheld meir enn berre tørre faktaopplysningar. Petroski reflekterar over kvifor me har behovet for å finne opp dette mangfaldet av gjenstandar, og spør seg sjølv kvifor me alltid skal forbetre desse innovasjonane, og kvifor me aldri er fornøyde med gjenstandane slik dei er. Hans resonnement kring dette opnar for nye tankerekkjer hos lesaren – og nettopp designaren. Berre fantasien kan sette grenser for kva denne optimaliseringa – referert til «form follows failure»– vil føre til. Tenk deg spisebordet f.eks., kor upraktisert er det vel ikkje med dei fire bordbeina? Alltid i vegen når ein skal reingjere, og ein snublar støtt og stadig i denne uhamslige løysninga. Det mest praktiske hadde vært om bordplata kunne flyte på ei luftlomme, slik at bordbeina vart overflødige. Er med heldige lever me kanskje lenge nok til at denne innovasjonen vert realisert?
Tolvhundreogåttiseksord