Jonas Bødtker og eg er i gang med eit spennande prosjekt som går ut på å tegne med lysstaver, såkalla lysgrafitti. Her er litt bilete frå første test me hadde ein haustkveld.
Trikset med lysgrafitti er at bileta vert teke på lang lukkertid, slik at den som teiknar med lys forsvinn i biletet (så lenge han/ho er i bevegelse). På den måten vert berre lyset ståande igjen.
Her brukte me i tillegg tilt-shift objektiv for å oppnå den spesielle dybdeskarpleiken.
Alt i alt fekk me testa ganske masse i løpet av ein kveld. Neste gong skal me fokusere meir på sjablongteknikk og frihåndsteikning med utstikt utover hav og himmel. Takk til Marte Kanutte Almås Johansen som var med oss store deler av kvelden =)