Wordfeud – tips og triks del 2
Publisert søndag 05. februar 2012Om ordforrådet er på plass, er det på tide å snakke taktikk. Trikset er å spare på dei riktige brikkene og bruke dei du vil bli kvitt. Ein snakkar om å maksimalisere (få høgast poengsum ut av brikkene) og å spare til du kan legge ut alle brikkene på ein gong (også kalla bingo, som gir 40 bonuspoeng). Om ein blir for opphengt i å få bingo går det utover poenga, men om ein maksimaliserar går ein samstundes glipp av dei heilt store poengsummane. Kunsten er å balansere mellom desse to. Når skal ein spare, og kva skal ein spare på? Her kommer litt tips.
- Vær raus med konsonantar og gjerrig med vokalar. Eksempel: legg heller VRINSK i stadenfor VRINSKE.
- Kvitt deg med tanken om å kvitte deg med bokstavar. Det handlar meir om å utnytte få brikker men bra, enn å legge lange og fine ord. Synd, men slik er nå spelet lagt opp.
- Ha fokus på kva brikker du sit igjen med til neste trekk, og ikkje berre kva du får mest poeng for der og då. Dette er alfa og omega for å oppretthalde ein god flyt i brikkestrømmen.
- Samle til bingo. Får du ein E, legg den heilt til høgre å sit med den så lenge du kan. Neste bokstav du kan spare på er T, N, D. For du då ein E til, er det store sjansar for å få bingo, fordi du då har spart opp ordendingar som -ETE, ENE, ENDE. Bruk dei resterande bokstavane til å danne starten av orden. Eksempel GRØTete, GRØTene, MINKende, HOPPEnde etc etc.
- Så lenge du har greie bokstavar kan du fint spele med dei resterande fire-fem bokstavana i mange rundar til du har spart opp til bingo. Men om du ligg veldig etter og ikkje sit med dei store bingosjansane, er det farleg å gamble på at berre neste trekk vert det betre, berre neste trekk, og så sit du med skjegget i postkassa.
- Legge opp til deg sjølv. Dette er noko eg har byrja med i det siste. Om ein sit med ein Y, skal den helst på ein blå trippel-bokstavpoengplass. Prøv å legg opp til deg sjølv slik at du får plassert den der du får mest poeng i neste trekk. Minner litt om sjakk, å planlegge fleire trekk i forkant.
- Får du ein W, samle på O, B og H.
- Får du ein C, samle på P, D, A, H, E,
- Får du ein J, er A fint å ha. J og f er forøvrig dei to brikkane eg lik minst, greit å bli kvitt dei og for all del ikkje sit igjen med dei til slutt.
- Pass på å ha vokalar til slutt.
- Pass på å ikkje opne unødvending opp for motstandar. Spel tett om du mistenker den andre sparer til bingo.
- Tell over brikkene om det er jevnt på slutten.
- Ha det gøy!
BRIKKEFORDELING
Totalt antall brikker: 104 stk
- 0 poeng: Blank (2×)
- 1 poeng: A (7×), D (5×), E (9×), I (6×), N (6×), R (7×), S (7×), T (7×)
- 2 poeng: F (4×), M (3×), L (5×)
- 3 poeng: H (3×), K (4×), O (4×)
- 4 poeng: Ø (2×), Å (2×), B (3×), J (2×), P (2×), U (3×), G (4×)
- 5 poeng: V (3×),
- 8 poeng: Y (1×), Æ (1×)
- 10 poeng: W (1×), C (1×)
Les meir om lovlege kombinasjonar og uvanlege ord på tidlegare publisert artikkel: Wordfued tips & triks del 1.